Revisjon

Frå 2011 vart revisjon frivillig for dei minste aksjeselskapa i Norge. Eit aksjeselskap må ha revisjon dersom selskapet overskrid ein av desse terskelverdiane:

Årlege driftsinntekter på kr. 6 mill.
Balansesum på 20 mill.
10 årsverk
For enkeltpersonføretak og ansvarlege selskap er det eigne kriteriar/tersklar i regnskapslov som er avgjerande for revisjonsplikta. I tillegg er enkelte bransjar underlagt revisjonsplikt, eksempelvis advokatar, meglarføretak m.fl.

Mi målsetjing som revisor er å fungere som ein god støttespelar for kundane og mitt arbeid skal vera med å styrke grunnlaget for riktige avgjerder. Gjennom god kommunikasjon med leiing og tilsette vil revisor opparbeide forståing for kontrollmiljøet i bedrifta og om leiinga har etablert hensiktsmessige kontrollar som sikrar riktig finansiell rapportering.

Når styret har fastsett årsregnskapet for oversending til generalforsamlinga, skal revisor avgi ei revisjonsberetning der revisor blant anna uttaler seg om årsregnskapet er avgitt i samsvar med lov og forskrifter og om leiinga har oppfylt sine plikter når det gjeld registrering og dokumentasjon av regnskapsopplysningar.

Sjølv om du skulle ha kome til at ditt selskap ikkje har behov for ordinær revisjon, bør du likevel vurdere å få gjennomført ei uavhengig kvalitetssikring av regnskapet. Tenesta "forenkla revisorkontroll av regnskapet" vil gi deg ei slik kvalitetssikring og bidra til tillit hjå selskapets forretningsforbindelsar.

Ta gjerne kontakt dersom du treng revisor.

Fyll ut skjemaet og få eit uforpliktande tilbod på revisjonstenester idag!